Kulturtilbod i lokalmiljøet - Teater, mat, dans på Soltun 5.november

Soltun, Aukra, laurdag 5. november. Teater kl. 19.30 og svingom frå kl.22.30.

Publisert 02.11.2011

Mat: bacalao og sild. Tequila spelar opp til dans med musikk frå 60-70-tallet.
Sal av øl og vin. Døra opnar kl. 19.00. Billettar kr. 400,- Førehandssal på forretningane frå 29. oktober. Berre dansebillett kr. 150,- til sals i døra. Arr. Soltun/Teatergr. GFU med fleire.

Torvald Sund sitt nye stykke er eit familiedrama kor mange vil kjenne att seg sjølv eller sine. Med røter i trøndersk forteljartradisjon, er dette ei historie om vilkåra for folk på kysten, om naturkreftene og ei tid med store omveltingar. 

Handlinga tek til i ytre Trondheimsfjord. Gjennom fleire hundre år har sildefisket skapt stor vekst og velstand. Dette året blir silda borte. Det er vårjevndøger i ei tettfolka bygd i Stjørna. I mangel av fangst får basen Bjørn på sildesnurparen Stjørnfjell ei uventa frihelg heime. Der venter kona, Margit og sonen Benjamin.

Helsing Heidi Løklingholm Teatergruppa til GFU 

Telefon 71174238 / 91151354







Siste Nyheter